Kort fortalt

Sårbar torsk

Polartorsk svært sårbar for oljesøl.

08.08.2016
(NPK): Sjølv små mengder olje kan påverka veksten til polartorsk og føra til misdanningar og død, viser forsking frå Universitetet i Tromsø.
Funna er nyleg publiserte i tidsskriftet , og omtalt i . Dei har undersøkt påverknad frå så små mengder oljesøl at dei i praksis var umoglege å måla i laboratoriet.
– Det faktum at så ørsmå mengder oljeureining gjev så klare resultat, er i seg sjølv både oppsiktsvekkjande og viktig, seier førsteamanuensis ved UiT, Jasmine Nahrgang.
Polartorsk er viktig i det arktiske økosystemet, og det finst mange av han i fjordane rundt Svalbard, og han er ei viktig matkjelde for sel, kval og sjøfuglar. (©NPK)

Publisert: 08.08.2016 14:35

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44