Kort fortalt

Sætre fredar ingen

Statoil går gjennom bemanningssituasjonen offshore.

28.07.2016
(NPK-NTB): Statoil går gjennom bemanninga offshore som ein del av nedbemanninga til selskapet. Innan 2016 skal selskapet ha kutta nær ein femdel av dei tilsette ned til rundt 21.000 årsverk.
Nesten 5.000 tilsette som arbeider på norske olje- og gassplattformer, har tidlegare vore så godt som skjerma for nedbemanning, skriv .
– Eg kjem aldri til å freda noko som helst, seier toppsjef Eldar Sætre til avisa.
Hovudtillitsvald Bjørn Asle Teige for Safe i Statoil åtvarar på det sterkaste mot å røra offshore-organisasjonen.
Onsdag blei det kjent at driftsresultatet til Statoil for andre kvartal enda på 913 millionar dollar – vel 8 milliardar kroner, mot 2,9 milliardar dollar i same kvartal i fjor. Det er ein nedgang på 68 prosent. (©NPK)

Publisert: 28.07.2016 07:49

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:45