ID: 11763116
(NPK-NTB): Oljeprisen er meir enn halvert, og Statoil kuttar tilsette, men utbyteløfta står ved lag. Fleire analytikarar trur selskapet må ta opp lån for å betale aksjonærane.
– Legg ein til grunn dagens oljepris på 39 dollar fatet, vil Statoil måtte låne 57 milliardar kroner, seier oljeanalytikar Teodor Sveen-Nilsen i Swedbank til (DN). Oljeanalytikar John Olaisen trur også selskapet må ta opp lån, men trur det held med 44,8 milliardar.
Statoil-sjef Eldar Sætre seier målet om å auke det kvartalsvise utbytet over tid står ved lag. Då han presenterte kvartalstala i oktober, sa Sætre at utbytepolitikken ikkje kjem og går med oljeprisen.
Aksjeanalytikarar DN har snakka med, seier utbytepolitikken ikkje står i strid med den pågåande sluttpakkerunden. I finansmiljøet meiner ein det er nødvendig med nedbemanning i selskapet.
– Ja, det er bra. Når ein kuttar investeringsbudsjettet med 20– 30 prosent og aktiviteten er mykje lågare, skulle det berre mangle at ein ikkje kutta i bemanninga, seier Trond Omdal i Pareto. Også Sveen-Nilsen i Swedbank synest det er fornuftig å tilby sluttpakker til alle og seier det understrekar kor alvorleg situasjonen er i oljebransjen. (©NPK)

Publisert: 16.12.2015 08:32
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:49