(NPK-NTB): Erna Solberg (H) og regjeringa hennar har formelt søkt kong Harald om avskjed. Kongen har vorte rådd til å be Jonas Gahr Støre (Ap) om å danne ny regjering.
– Eg vil råde hans majestet kongen til å vende seg til leiaren for Arbeidarpartiet, Jonas Gahr Støre, då han er statsministerkandidat for dei to partia som er førebudde til å danne regjering, sa Solberg då ho tradisjonen tru kunngjorde avgangen sin i Stortinget etter at budsjettet vart lagt fram tysdag formiddag.
Nokon timar seinare, klokka 13, møtte den avtroppande regjeringa opp til eit ekstraordinært statsråd på slottet for å levere avskjedssøknaden.
Kong Harald vil nå etter råd frå Solberg kontakte Ap-leiar Jonas Gahr Støre og formelt gi han oppdraget med å danne ny regjering, medan han ber Solberg halde fram som leiar av eit forretningsministerium inntil ei ny regjering er klar torsdag.
Arbeidarpartiet og Senterpartiet er samde om å danne regjering og har varsla at dei er klare til å presentere medlemmene i regjeringa torsdag, medan regjeringsplattforma vert lagd fram onsdag klokka 14.
Erna Solberg har varsla at ho held pressekonferanse klokka tysdag klokka 15 i samband med avskjedssøknaden og regjeringsskiftet.
Regjeringa hennar har no sete ved makta i åtte år, gjennom to stortingsperiodar. I første omgang var det Høgre og Frp som gjekk saman om å danne regjering 16. oktober 2013, med Venstre og Kristeleg Folkeparti som støtteparti.
I januar 2018 gjekk Venstre inn i regjeringa, og til slutt òg KrF januar året etter. Eitt år etter dette igjen, gjekk Frp ut av regjeringa 24. januar 2020. Partiet har likevel støtta statsbudsjetta til Solberg-regjeringa.
(©NPK)
Publisert: 12.10.2021 14:15
Sist oppdatert: 12.10.2021 14:17