Kort fortalt

Søviknes lyser ut nye oljelisensar

Legg ut 103 nye blokker.

16.01.2018
NPK-NTB: Regjeringa legg ein ny lisensrunde på norsk sokkel ut på høyring med i alt 103 nye blokker i Barentshavet og Norskehavet.
Måndag, dagen etter at dei blågrøne vart einige om å danne regjering, sende olje- energiminister Terje Søviknes (Frp) den nye konsesjonsrunden, TFO-2018, ut på høyring.
– Gjennom ei solid utviding med 47 blokker i Norskehavet og 56 blokker i Barentshavet legg regjeringa med sitt forslag til rette for effektiv og tidsriktig utforsking og aktivitet framover. Eg har stor tru på at oljeselskapa framleis vil sjå interessante moglegheiter i desse områda, og dermed bidra til sysselsetting, verdiskaping og velferd, seier Søviknes i ei pressemelding.
I høyringsrunden ber departementet berre om innspel knytt til om det er komme ny, vesentleg informasjon som er relevant for avgjerda om kvar det kan vere petroleumsaktivitet, etter at den relevante forvaltningsplanen vart behandla. Dette er i tråd med langvarig praksis, skriv departementet i pressemeldinga.

Publisert: 16.01.2018 10:24

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:40