NPK: Enkelte dagar er kapasiteten sprengd i Bergen hamn, som har sett seg nøydd til å seie nei til i alt 15 cruiseskip som har bedt om å få komme til byen i 2018 og 2019, skriv Sysla.
Etter at Bergen kommune, Bergen Reiselivslag og Bergen hamn i fjor vart einige om eit tak på fire cruiseanløp per dag, har hamnestellet måtta avvise 2 cruiseskip i 2018 og 13 i 2019.
– Ein del av skipa har lagt seglingsplanen og har på den måten ikkje høve til å flytte Bergens-besøket. Eg veit at andre arbeider med å justere seglingsplanane sine, men uansett kan vi seie at rundt 25.000 turistar har fått nei til å komme til Bergen, seier marknadsansvarleg Sandra Diana Bratland i Bergen hamn til avisa.
Bergen ventar 332 cruiseskip med i overkant 600.000 passasjerar til byen i 2018. Det første la til kai alt 2. januar, og det neste kjem 17. februar.
36 dagar i 2018 er så langt fullbooka med fire skip eller 9.000 passasjerar i hamna.
– Men vi har framleis god kapasitet og høve til å ta imot nye skip, seier Bratland.

Publisert: 18.01.2018 10:55
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:40