Kort fortalt

Taper på vindkraftanlegg nær land

For sjøfuglane er havvind best langt til havs.

NPK
12.10.2023

NPK: Norsk institutt for naturforsking (NINA) har laga eit kart for å beskrive effekten vindturbinar til havs vil ha på sjøfugl. Det viser at jo lenger frå land vi byggjer ut havvind, jo betre er det for sjøfuglane.

Noreg er i ferd med å satse stort på havvind, noko som kan påverke fleire interesser i norsk økonomisk sone, til dømes forsvar, fiskeri og skipsfart, men også marin natur og sjøfugl.

– Situasjonen for sjøfugl er alvorleg. Dei siste 40 åra har åtte av ti norske sjøfuglar forsvunne. Eventuelle konfliktar som følgje av havvind kjem på toppen av dei eksisterande problema. Derfor er det viktig å finne dei områda der utbygging av vindturbinar til havs vil påverke sjøfugl minst mogleg, seier seniorforskar Børge Moe i NINA.

Saman med kollegaer har han sett saman eksisterande kunnskap og data i eit kart som beskriv kor sårbare bestandane av 58 artar er.

– Dataa våre viser at dei fleste artar av sjøfugl lever nær kysten, og dei er spesielt sårbare i hekketida om sommaren. For sjøfugl vil det vere betre om anlegg for havvind blir bygd langt til havs, fortel seniorforskar Per Fauchald i NINA.

Publisert: 12.10.2023 14:22

Sist oppdatert: 12.10.2023 14:22