Kort fortalt

Tapte ein kvart milliard på vindkraft

Vindmøller ikkje lønsamt.

02.08.2016
(NPK-NTB): Midtfjellet Vindpark AS hadde eit underskot på 240 millionar kroner før skatt i fjor. Billeg straum gjer at vindmøller ikkje er lønsamt, seier analytikar.
John Brottemsmo i Bergen Energi er ikkje overraska over det store underskotet i vindkraftselskapet, som står bak vindmølleparken i Fitjar kommune i Hordaland, skriv .
– Med tanke på dei låge straumprisane, er det ikkje overraskande. Slik marknaden er i dag, er det ikkje lønsamt å drive med vindkraft, seier analytikaren. Han varslar endå tøffare tider for vindkraftprodusentane, med fallande straumprisar dei næraste åra.
– Prisane er forventa å falle fram til 2020, før dei snur igjen, seier Brottemsmo. Han understrekar at det er mange faktorar som påverkar dette og at analysen er svært usikker, men seier det uansett er låge forventningar til at prisane skal auke med det første.
Midtfjellet Vindkraft har skrive ned verdien på selskapet med 167 millionar kroner, men dagleg leiar Erik Mortensen har tru på framtida og seier selskapet har fått tilført ny kapital. Og så er han ikkje einig med Brottemsmo om kva veg straumprisane kjem til å gå.
– Det er forskjellige syn på korleis straumprisane vil utvikle seg. Vi forventar at prisane går litt opp, seier Mortensen. (©NPK)

Publisert: 02.08.2016 09:54

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:45