Kort fortalt

Tapte i Høgsterett

Milliongjelda til Bremanger kommune blir ståande.

01.03.2016
(NPK): Bremanger kommune tapte mot Den Danske Bank i Høgsterett, og får ikkje stroke gjeld på 120 millionar kroner.
Saka er ei av fleire i kjølvatnet av den såkalla «Terra-skandalen» og omhandlar såkalla derivatavtalar, der kommunen kjøpte seg inn i høgrisikofond med sikkerheit i framtidige kraftinntekter.
Høgsterett har no avgjort at avtalane er lovlege og gyldige, fortel . Tapet mot Den Danske Bank inneber ifølgje avisa at Bremanger kommune må betale ned mellom 120 og 130 millionar kroner dei neste tjue åra. (©NPK)

Publisert: 01.03.2016 10:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:47