Teige-selskap med nytt oppkjøp
Zewo kjøper Ålesund-firma.
Zewo Chemicals i Fosnavåg kjøper selskapet B&B Consult i Ålesund, ifølgje ei pressemelding onsdag.
B&B Consult har spesialisert seg innan vassbehandling, med spesiell merksemd på legionellakontroll og mikrobiologi. Selskapet omsette for drygt 1,3 millionar i 2022.
– Vi opererer i ei bransje kor neglisjering av hygiene og vasskvalitet kan få enorme følgjer. Kombinasjonen av tenestene og kompetansen som Zewo og B&B Consult no slår saman, gir kundane ein pakke vi er veldig, veldig stolte av, uttaler dagleg leiar Kjell Fure i Zewo.
Lisbeth Blengsli som er dagleg leiar i B&B Consult, gjekk frå 1. februar inn i rolla som leiar for mikrobiologi i Zewo.
Zewo er del av Teige Gruppen som har aktivitetar og drift innanfor fiskeri, shipping, eigedom, helse og agentur. Selskapet har vekse dei siste åra med sal av reinhaldsprodukt og tenester til næringsmiddelbedrifter – og industrien. Ved starten av fjoråret overtok dei selskapet Cleancoat i Drøbak.
Publisert: 07.02.2024 11:34
Sist oppdatert: 07.02.2024 11:34