Kort fortalt

Telenor aukar farten i 4G-utbygginga

Dei fleste får snart 4G.

28.10.2015
(NPK-NTB): Telenor har som mål å dekkje så godt som heile den norske befolkninga med 4G innan 2018. Det er to år raskare enn den opphavlege planen.
Den såkalla befolkningsdekninga skal vere 99,8 prosent våren 2018, opplyser telegiganten.
– Eg er veldig glad for å kunne fortelje til alle våre kundar at Telenor tar eit massivt grep for å betre mobildekninga i Norge. Dei neste to og eit halvt åra byggjer vi ut 4G i heile mobilnettet vårt, seier administrerande direktør Berit Svendsen i Telenor Norge.
4G står for fjerde generasjon med teknologi innan mobilnett. Han etterfølgjer, og er fleire gonger raskare enn, 3G. (©NPK)

Publisert: 28.10.2015 19:28

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:50