Kort fortalt

Tener milliardar utlån

Forbrukslån er god butikk for bankane.

18.07.2016
(NPK-NTB): Dei største forbrukslånsbankane hadde eit overskot på 2,3 milliardar i fjor. Summen er ein auke på éin milliard kroner frå året før, skriv Dagens Næringsliv.
Fleire forbrukslånsbankar har kome på den norske marknad det siste året. Det er moglegheitene for gode inntekter som bidreg til at også fleire etablerte bankar tilbyr tenesta, skriv . Finanstilsynet er uroleg over auken.
– Forbrukslån utgjer ein liten del av den samla gjelda til hushalda, men denne gjelda veks sterkt, og marknaden er prega av svært aktiv marknadsføring frå bankar og finansieringsføretak, seier direktør Emil R. Steffensen i Finanstilsynet.
Forbrukslånet til norske kundar var på 83 milliardar kroner ved utgangen av første kvartal i år.
I motsetnad til andre nordiske land som Finland og Estland, har ikkje Noreg streng regulering av kor høge renter bankane kan ta på forbrukslån. Finanstilsynet har vurdert det, men effekten av eit rentetak er usikker.
Bankane tilbyr kundane forbrukslån ved hjelp av ei god innskotsrente, som utgjer maksimalt 2 prosent i lågrentemarknaden ein har i dag. Innskotet til kundane blir brukt til å låna ut pengane til ei rente på mellom 10 og 20 prosent. (©NPK)

Publisert: 18.07.2016 07:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:45