Kort fortalt

Tente halv milliard på eitt døgn

Grieg-handel vart lukrativt for Marine Harvest.

19.05.2016
(NPK-NTB): Oppdrettsgiganten Marine Harvest har på eitt døgn tent ein halv milliard kroner på kjøp og sal av aksjar i Grieg Seafood.
Selskapet opplyser i ei at det onsdag gjennomførte eit varsla kjøp av 28,8 millionar aksjar i Grieg Seafood frå DNB og Nordea for ein avtalt pris på 22 kroner per aksje – totalt 634 millionar kroner.
Torsdag selde selskapet aksjeposten på 25,82 prosent til 39,75 kroner per aksje – totalt 1,15 milliardar kroner. Gevinsten vart dermed på 511 millionar. (©NPK)

Publisert: 19.05.2016 10:03

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:46