Kort fortalt

Til Oslo for å be om meir ferjepengar

Jon Aasen krev meir statlege ferjepengar.

13.01.2016
(NPK): Møre og Romsdal fylkeskommune slit med store utgifter til ferjedrifta i fylket. Ein delegasjon reiser til Oslo for å be om hjelp.
Regjeringa har lova å rydde opp fire gonger, og fire gonger har løfta blitt utsett, skriv Sunnmørsposten.
– Vi bruker no pengar som vi skulle brukt til asfalt og utbetring av vegen til å leggje inn i ferjedrifta for å ha eit akseptabelt tilbod til innbyggjarane våre. Slik kan det ikkje halde fram. Det er eit soleklart ansvar som ligg hjå staten, å sørgje for at vi får overføringar som dekkjer dei reelle kostnadane i ferjedrifta, seier fylkesordførar Jon Aasen til avisa.
Aasen reiser saman med folk frå samferdsleavdelinga i fylket til Oslo for å treffe statssekretærane i ulike departement. Bodskapen er at fylket går i minus på ferjedrifta.
I Møre og Romsdal er det snakk om kring 70 millionar kroner i året. Det er store pengar for ein fylkeskommune med trong økonomi. Både Nordland, Sogn og Fjordane og Hordaland slit med dei same problema.
– Eg har snakka med fylkesordførarane i desse fylka. Dei har dei same problema og dei er orienterte om det møtet vi no skal ha i departementet, seier Aasen. (©NPK)

Publisert: 13.01.2016 15:12

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:49