Kort fortalt

Til topps i Villa Seafood

Marie Lassesen vert ny dagleg leiar.

17.12.2017
Marie Lassesen er tilsett som ny dagleg leiar i Villa Seafood, opplyser selskapet i ei pressemelding. Lassesen er i dag salssjef i selskapet.
Marie Lassesen er utdanna ved Høyskolen i Bodø og har tidlegare jobba i Nordlaks, Norway Seafood og Salmar.
Villa Seafood har kontor i Ålesund, har åtte tilsette og omset i 2017 for over ein halv milliard kroner. Ein viktig del av jobben vil vere å koordinere produksjon og sal mellom Villa Seafood og Arctic Filet AS, laksefiletanlegget i Torsken som Villa Seafood eig saman med Wilsgård Fiskeoppdrett AS.
I tillegg har Villa Seafood salskontor i Skottland og USA.

Publisert: 17.12.2017 21:18

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:40