Kort fortalt

Tilbyr 805 millionar til bøndene

Tilbodet er under halvparten av kravet

07.05.2025

NPK-NTB-Marius Helge Larsen

Tilbodet til bøndene i jordbruksforhandlingane i år er på 805 millionar kroner. Kravet frå bondeorganisasjonane var på 2 milliardar kroner.

– Staten legg i dag fram eit godt tilbod som svar på kravet frå eit samla jordbruk og følgjer opp stortingsmeldingane om auka sjølvforsyning og inntektsopptrapping, seier forhandlingsleiaren til staten Viil Søyland.

Tilbodet vart overlevert til bondeorganisasjonane på ein pressekonferanse onsdag klokka 13.

Tilbodet frå staten inneber ein auke på 545 millionar kroner over statsbudsjettet. Målprisane i jordbruksavtalen blir i tillegg foreslåtte auka innanfor ei ramme på 191 millionar kroner.

Dette er langt unna kravet frå Norges Bondelag og Norsk-, Bonde- og Småbrukarlag.

Dei kravde ei ramme på 2 milliardar kroner, derav 1,65 milliardar i budsjettmidlar og 288 millionar kroner i auka målprisar.

Publisert: 07.05.2025 14:00

Sist oppdatert: 07.05.2025 14:00