Jofri Lunde foto NHO
NHO: Jofri Lunde er næringspolitisk direktør i NHO Transport. Foto: NHO/Moment Studio
Kort fortalt

Tilbyr gratis førarkort til bussjåførar

Vy med ny ordning for å lokke til seg fleire tilsette.

NPK
26.02.2026

(NPK): Busselskapet Vy prøver å lokke til seg framtidige bussjåførar med gratis førarkort og jobbmoglegheiter. Det skriv NRK Møre og Romsdal.

Næringspolitisk direktør i NHO Transport, Jofri Lunde, håper samarbeidet gir resultat.

– Det er ein vinn-vinn situasjon at personar som er utanfor arbeidslivet, kan få ein meiningsfylt og samfunnsnyttig jobb som bussjåfør. Bussnæringa er inkluderande og for mange ein god start inn i arbeidslivet, seier ho til NRK.

Mange er uroa for at det vil mangle mange bussjåførar i åra framover, og næringa har lenge ropt varsku. Samstundes står 100.000 unge utanfor arbeidslivet.

Difor har VY på Søre Sunnmøre no valt dekke rekninga for buss-sertifikat og opplæring for potensielle arbeidstakarar, mot at dei nye sjåførane jobbar i selskapet deira.

Saman med Kopano Møre og Romsdal har dei utvikla ei ordning, som dei kallar Vaktskifte. Poenget er at inkluderingsbedrifter går saman med næringslivet for å få folk i utanforskap inn i arbeid.

Publisert: 26.02.2026 11:46

Sist oppdatert: 26.02.2026 11:46

Mer om