Kort fortalt

Tilbyr jobb - til kjærasten også

Jaktar på webutviklar - og lokkar med bustad, betalt flytting og jobb til kjærasten.

Ivar Myklebust Longvastøl
17.02.2014
Det er Mediebruket AS som på denne måten strekkjer seg langt for å få ein rågod webutviklar til å flytte til Førde, ifølgje nettportalen Framtidsfylket.
Mediebruket vart starta i 2009 og spesialiserer seg på å utvikle og drifte nettsider og meir avanserte nettportalar for bedrifter og offentlege føretak.
Gründer og ein av to hovudaksjonærar, Arild Nybø, går friskt fram for å rekruttere flinke folk. Han er halvt sunnmøring, med far frå Barstadvik, voks opp på Voss og har i mange år budd i Førde der han jobba i NRK, Helse Førde og Firda Media før han starta Mediebruket.
Nybø tek rett nok atterhald når det gjeld jobb til kjærasten.
– Vi lovar ingenting, men vi seier vi skal prøve så godt vi kan. Sist vi gjorde tilsvarande gjekk det strålande, seier Nybø.
Les meir .

Publisert: 17.02.2014 17:03

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:21