(NPK): Bestanden vil mest truleg vere under kritisk nivå i 2016, sjølv utan fiskeri.
Det internasjonale rådet for havforsking (ICES) offentleggjorde 2016-kvoterådet for lodde i Barentshavet torsdag. Kvotetilrådinga er på null tonn. Lodderådet for 2015 var på 6.000 tonn, medan kvoten vart sett til 120.000 tonn.
– Vi målte lite lodde på toktet tidlegare i haust. Bestanden er under ein million tonn, og den modnande delen, som det vert fiska på, er berre halvparten av det igjen. Då er det i praksis ikkje rom for å tilrå noko fiskeri på lodda, seier Georg Skaret, som er bestandsansvarleg for lodde på Havforskingsinstituttet. (©NPK)

Publisert: 08.10.2015 14:50
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:50