(NPK-NTB): Dei tilsette i Marine Harvest i Hjelmeland i Ryfylke og Ålesund må velje mellom å jobbe ved hovudkontoret i Bergen, eller å miste jobben når avdelingane blir lagt ned 31. juli. Sluttpakka dei er tilbydd er éi månadslønn, skriv Bergens Tidende.
Skulle derimot toppsjefen Alf-Helge Aarskog miste jobben, vil han få 12 månaders etterlønn. Det utgjer 4,75 millionar kroner.
Dei tilsette reagerer på tilbodet som dei meiner ikkje er godt nok. Dei bad om seks månaders etterlønn, slik at dei kunne få litt tid til å finne nye jobbar.
Kommunikasjonssjef Ola Helge Hjetland i Marine Harvest understrekar at dei tilsette ikkje berre har fått tilbod om å halde fram i jobbane sine i Bergen, og ein månads etterlønn.
– Dei har også fått tilbod om støtte til utdanning, omstillingsrådgjeving og eventuelt etableringsstøtte, seier Hjetland.
Marine Harvest hadde i fjor eit driftsoverskot på 3,2 milliardar kroner, tilsvarande 8,7 millionar kroner kvar dag. Selskapet blir kontrollert av den norskfødde milliardæren John Fredriksen.

Publisert: 17.02.2014 08:30
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:21