(NPK): Leiarar i næringa hadde den største auken. Det viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).
Heiltidstilsette i fiskeoppdrett hadde ei gjennomsnittleg månadslønn, eksklusiv overtidsgodtgjersle, på 39.800 kroner per 1. oktober 2013.
Fiskeoppdrettar og røktarar, som er den dominerande yrkesgruppa i næringa, tente i snitt 35.900 kroner i månaden per 1. oktober 2013. Då er ikkje overtid rekna med. Det er 700 kroner meir i månaden enn på same tid i 2012.
Den gjennomsnittlege månadslønna for leiarar i næringa var 62.900 kroner per 1. oktober 2013, også det utan overtidsbetaling innrekna. Dette representerte ein auke i månadslønna på 3600 kroner frå året før, ifølgje SSB-tala.

Publisert: 13.02.2014 14:31
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:21