I P Huse har redusert med 25 tilsette
AUKA LØNSEMD: I.P. Huse har oppdrag ut 2025, men treng påfyll av nye oppdrag for 2026 skriv dagleg leiar Morten Hopland (innfelt) og styret i årsmeldinga for 2024.
Nytt

Beste resultat sidan 2014

I.P. Huse auka lønsemda trass i reduserte inntekter.

01.08.2025

Både driftsresultatet og resultatet før skatt er det høgaste den mekaniske industribedrifta på Harøya har hatt sidan 2014.

Oljeprisfallet i 2014 reiv grunnen unna den viktigaste marknaden for I.P. Huse, som i fleire år levert store overskot, spesielt på leveransar på kraner og vinsjer til offshoreindustrien. 

Frå og med 2015 har det vore magre resultat. I åra 2018-2022 hadde selskapet minusresultat kvart år og eit samla underskot på tilsaman 90 millionar kroner.

Pluss i 2023 og 2024
I 2023 kom I.P. Huse-resultatet igjen på pluss-sida. Og i fjor vart resultatet før skatt meir enn dobla samanlikna med 2023, trass i ein inntektsnedgang på 50 millionar kroner frå 2023 (sjå tabell).

Selskapet sysselsette 85 årsverk i fjor. Det er eitt årsverk meir enn i fjor. I 2019 sysselsette selskapet 108 årsverk, men reduserte det ned til omlag dagen nivå i løper av åra 2020-2021.

I årsberetninga for 2024 fortel selskapet at det har oppdrag ut 2025, men har behov for ytterlegare sal for å fylle ordreboka for 2026.

Sju eigarar
I. P. Huse har sju aksjonærar:

Maria Griffin Huse sitt selskap, Tinkerbell (27,29 prosent)
Paul Ingebrigt Huse sitt selskap, Hiawatha (27,29 prosent)
Inge Huse og Inga Griffin Huse sitt selskap, Largiemore (17,42 prosent)
Pål P. Huse (14 prosent)
Marit Brubæk (8 prosent)
Karoline Marie Brubæk (3 prosent)
Sverre Brubæk (3 prosent)

I.P. Huse as  
Tal i mill. kroner20242023
Driftsinntekt242,0292,9
Driftsresultat22,38,6
Resultat før skatt27,413,5

Publisert: 01.08.2025 08:50

Sist oppdatert: 01.08.2025 08:50

Mer om