Kort fortalt

Tine vil redusere mjølkekvotar

Det er for mykje mjølk i marknaden.

02.11.2015
(NPK): Utrekningar for neste år tyder på at det vil bli meir mjølk i marknaden enn det som er etterspurt. Difor tilrår Tine å redusere kvotane.
Høg mjølkeproduksjon har ført til ei lageroppbygging som igjen påverkar mjølkebehovet for 2016, fortel . Prognosane for neste år viser at det kjem til å bli produsert 44 millionar meir mjølk enn det som er etterspurt. Tine rår difor til at mjølkekvotane til kubøndene blir reduserte med tre prosent.
Prognosar tyder òg på at det kjem til å bli produsert meir geitemjølk enn marknaden spør etter. Lagra for geitemjølkprodukt skal også ha vakse. Tine tilrår at mjølkekvotane til geitebønder blir reduserte med éin prosent. (©NPK)

Publisert: 02.11.2015 10:54

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:50