Kort fortalt

To Flakk-hotell på prestisjeliste

Storfjord og Union Øye er favorittane til Condé Nast Traveler.

Marius Rosbach
04.10.2023

Dei Flakk-eigde hotella Storfjord Hotel og Union Øye i Norangsdalen er inne på topp 20-lista til Condé Nast Traveler over dei beste hotella i Nord-Europa.

Reiselivsmagasinet meiner Storfjord er det 12. beste hotellet, medan Union Øye kjem på 15. plass. Tre andre hotell frå Norge er på den prestisjefylte lista.

Storfjord har vore på lista tidlegare saman med eit anna Flakk-eigd hotell, Hotel Brosundet.

Publisert: 04.10.2023 17:31

Sist oppdatert: 04.10.2023 17:31

Mer om