Kort fortalt
To lokale bankar med renteauke
Sparebank 1 SMN og Sparebanken Møre følgjer sentralbanken.
Marius Rosbach
09.05.2023
Dei to lokalbankane Sparebank 1 SMN og Sparebanken Møre melde tysdag at dei sett opp renta på lån og innskot inntil 0,25 prosent.
Renteauken kjem etter at Noregs Banka auka renta tilsvarande førre veke.
Den nye renta vil gjelde frå 21. juni for eksisterande kundar i Sparebanken Møre og to dagar seinare for Sparebank 1 SMN sine kundar.
Nelly Maske som er konserndirektør for Sparebank 1 SMN trur rentetoppen er nær, og at dette er den nye normalen etter ein lang periode med svært låge renter, uttaler ho i meldinga.
Publisert: 09.05.2023 17:39
Sist oppdatert: 09.05.2023 17:39