Trond Lars Nydal foto Sparebanken Møre
UTLÅNSVEKST: Sparebanken Møre-sjef Trond Lars Nydal. Foto: Sparebanken Møre
Nytt

Næringslivet låner meir

Utlånsveksten aukar for Sparebanken Møre. Opnar kontor i Oslo.

27.04.2023

Då Sparebanken Møre la fram kvartalsrapporten for 1. kvartal 2022 viste den ein utlånsvekst i siste 12-månadersperiode samanlikna med førre 12-månaderiode på 4,1 prosent til privatkundar og 3,8 prosent til næringslivskundar.

I kvartalsrapporten for 1. kvartal 2023, som er offentleggjort i dag, viser ein kraftig auke i utlåna. Det er utlån til næringslivskundane som aukar mest, opp 15,5 prosent si siste 12-månadersperiode. Lån til privatkundar auke med 8,3 prosent i siste 12-månadersperiode.

Les børsmelding her

I løpet av året etablerer Sparebanken Møre eit rådgivarkontor i Oslo for å nå fleire kundar der. Rekrutteringa av tilsette til kontoret er i gang, ifølgje kvartalsrapporten.

Auka tap
Banken auka tapa frå null til 33 millionar kroner frå 1.kvartal i fjor til 33 millionar kroner i 1. kvartal i år. 29 av dei 33 millionane i tap er på utlån til næringslivet.

Men banken ser ingen teikn til å høgare rente og prisauke har gitt lånekundane til banken store vanskar.

"Foreløpig er det ikke observert noen vesentlig økning i restanse og betalingsmislighold som følge av økte rentekostnader og høyere inflasjon. I 1. kvartal 2023 har det vært en økning i antall søknader om betalingsutsettelser og redusert terminbeløp.", heiter det i kvartalsrapportgen.

Administrerande direktør Trond Lars Nydal seier i børsmeldinga at banken ventar at veksttakten i utlån til næringslivet vil avta utover 2023.

Sparebanken Møre

1. kvartal. I mill. kroner

20232022
Inntekter500387
Resultat før tap302209
Resultat før skatt 269209

Publisert: 27.04.2023 07:30

Sist oppdatert: 27.04.2023 07:55

Mer om