Kort fortalt

To millionar til reiselivsprosjekt

Møre og Romsdal skal bli best i Europa.

NPK
14.12.2022
(NPK): Destinasjon Ålesund og Sunnmøre og Visit Nordmøre og Romsdal AS får to millionar kroner til prosjekt som skal utvikle fylket til Nord-Europas beste reisemål for kultur- og naturbaserte opplevingar.

Det var Kultur-, næring- og folkehelseutvalet (KNF) som nyleg vedtok løyvinga til destinasjonsselskapa, skriv Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding.

Målet for prosjektet er å utvikle nye heilårlege produktkonsept og opplevingar som er attraktive både for nasjonale og internasjonale kundar. Det skal styrke regionen sin merkevareposisjon og bidra til å nå ambisjonen om å bli opplevingsfylke nummer 1.

Det skal utviklast og lanserast minimum ti berekraftige reiselivsprodukt der minst halvparten blir gjennomført utanfor hovudsesongen og spreidd i fylket.

Det er Destinasjon Ålesund & Sunnmøre som er formell mottakar av KNF-tilskotet, men prosjektet er eit samarbeid mellom dei to destinasjonsselskapa Destinasjon Ålesund & Sunnmøre og Visit Nordmøre & Romsdal AS.

(©NPK)

Publisert: 14.12.2022 18:15

Sist oppdatert: 14.12.2022 18:17

Mer om