Lene Trude og Britt
STØTTE: Lene Trude Solheim i Næringsforeningen Ålesundregionen og Britt Flo i Molde Næringsforening får saman med næringsforeninga i Kristiansund støtte for å få fleire til å flytte heim til Møre og Romsdal. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Får støtte for å få folk til å flytte heim

Næringsforeningar får millionar kroner i støtte for å få fleire til å flytte til Møre og Romsdal.

01.12.2022

Kultur-, næring- og folkehelseutvalet tildeler næringsforeiningane inntil 2.175.000 kroner til prosjektet som skal bidra til å auke tilgangen på arbeidskraft i heile Møre og Romsdal.

Med jakta på kompetent arbeidskraft som felles utfordring, har næringsforeiningane i Ålesund, Molde og Kristiansund gått saman om eit felles rekrutteringsprosjekt. No får dei tilskot frå fylket til forprosjektet i 2023, opplyser fylkeskommunen i ei pressemelding.

Politikarane vedtok å støtte samtlege søknader om pengar, som fylkeskommunedirektøren hadde tilrådd. Mellom anna fekk også NHO Møre og Romsdal to millionar i støtte til prosjekt som skal bidra til å finne løysingar på berekraftutfordringar i kommunane.

Positivt med samarbeid om rekruttering

I saksutgreiinga til rekrutteringsprosjektet saka står det at verken utfordringa eller initiativet er nytt, men at der svært positivt at foreiningane samlar kreftene og blir meir synlege i lag. Det gjer det lettare å nå fram med bodskapen på ein nasjonal arena.

Ved å presentere heile Møre og Romsdal får vi vist fram større breidde i arbeidsmarknaden. Det er også positivt med eit meir systematisk og langsiktig saman på dette feltet, heiter det

Det blir vist til at dei tre næringsforeiningane har allereie erfaring med samarbeid gjennom felles jobbmesser i Oslo og Trondheim, som nyleg er arrangert.

Skal samle kunnskap
I forprosjektet skal foreiningane blant anna arbeide med samle kunnskapsgrunnlag, analysere no-situasjonen og utfordringsbiletet, etablere samarbeidsarenaer, utvikle kommunikasjons- og marknadsstrategi og sikre eigenfinansiering.

I hovudprosjektet vil dei tre næringsforeiningane gjennomføre både felles og separate tiltak som skal bidra til å nå måla.

Styringsgruppe for totalprosjektet er styreleiarar og daglege leiarar i dei tre næringsforeiningane. Viktige samarbeidspartar blir bedrifter, andre næringsorganisasjonar, NHO, fylkeskommunen, NAV, kommunane med fleire.

Møre og Romsdal fylkeskommune vil behandle søknad om tilskot til hovudprosjektet når forprosjektet er gjennomført.

Publisert: 01.12.2022 13:10

Sist oppdatert: 01.12.2022 18:39

Mer om