Geir Fjørtoft foto mrfylke 11
BETRE ENN FRYKTA: Økonomisjef Geir Fjørtoft i Møre og Romsdal fylkeskommune kunne fortelje fylkespolitikarane at årets økonomi ser langt betre ut enn venta. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune
Nytt

Fylkesøkonomien langt betre enn venta

Fjorårets utbytterush i bedriftene, gir utslag for fylkeskommunen.

Marius Rosbach
13.12.2022

Økonomisjef Geir Fjørtoft i Møre og Romsdal fylkeskommune kom med ei gladmelding til politikarane i fylkestinget måndag:

Situasjonen for økonomien i fylkeskommunen er betre enn ein frykta for berre eit par månader tilbake. Dagens tal viser at fylket styrar mot eit nytt solid overskot i 2022.

- Prognosen per utgangen av august var på minus 17 millionar kroner. No viser framskrivingane pluss 140 millionar kroner, fortalde Fjørtoft.

Stort sett dreier det seg om eksterne endringar, som fylkeskommunen sjølv ikkje rår over. Og mykje har å gjere med auka skatteinntekter.

Konsekvensar av utbytterush
I fjor kom ei uventa inntektsstraum mot slutten av året, grunna utbytterush i bedriftene, i påvente av nye reglar på området. I år er det restskatten etter det same utbytterushet, som gir ekstra skatteinngang til fylket, ifølgje Fjørtoft.

Det er Oslo som dreg opp snittet, men skatteutjamninga mellom dei ulike delane av landet, gjer at Møre og Romsdal får fleire millionar kroner meir enn venta.

Koronakompensasjon frå staten gir også utslag, og det same gjer midlar frå havbruksfondet.

Er «eingongspengar»
- Det betyr at 2022 ikkje blir så dårleg som vi trudde tidlegare, sa Fjørtoft.

Fylkeskommunedirektøren har åtvara politikarane om at fylke er i ein pressa økonomisk situasjon.

Økonomisjefen påpeika også til fylkestinget at forbetringane var «eingongspengar», som ikkje endra på det lengre bilde i økonomiplanen.

Publisert: 13.12.2022 10:39

Sist oppdatert: 13.12.2022 10:38

Mer om