Kort fortalt

Tobisrådet går ned

Meir enn halvert kvote.

08.02.2016
(NPK): Havforskingsinstituttet tilrår at det blir gitt ein førebels tobiskvote på inntil 40.000 tonn i år. Det er ein nedgang frå 2015 då det vart gitt eit endeleg kvoteråd på 100.000 tonn.
Årsklassane av tobis har vore svake dei siste åra, og heller ikkje håpet om ein sterk 2014-årsklasse vart innfridd, opplyser instituttet.Tobis blir i hovudsak brukt til fiskemjøl og fiskeolje. (©NPK)

Publisert: 08.02.2016 17:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:48