Onsdag denne veka overleverte Ulstein Verft vindskipet Windea Carnot til den nye eigaren, Bernhard Schulte Offshore.
Fartøyet skal operere i havvindindustrien som CSOV-skip (frå engelske commissioning service operation vessel, journ. anm.).
Windea Carnot er det tredje søsterskipet Ulstein har levert til det tyske selskapet. Det er samstundes det sjette skipet verftet leverer sidan dei tinga sine første fartøy i 2015.
Fartøyet var opphavleg ikkje tinga av reiarlaget, men eit investeringsselskap - som dei har kjøpt det av.
Dei nye skipa er bygd for både konstruksjon og vedlikehaldsoppdrag. Om bord er den sokalla Twin X-Stern-løysinga som betyr at skipet har baugfasong også i akterenden - og hovudframdriftseiningar både framme og bak.

Publisert: 12.03.2026 14:47
Sist oppdatert: 12.03.2026 14:47






