(NPK): Tollarane trur det er fordi smuglarane veit når og kvar dei kan køyre over grensa utan å bli tatt.
– Vi trur ikkje eigentleg at det er færre som prøver å smugle fisk ut. Vi veit at aktiviteten aukar. Vi trur smuglarane er blitt flinkare til å tilpasse seg verksemda vår. Dei har forstått når vi har ope, seier Tom Olsen, avdelingssjef i grensekontrollen i Tollregionen Nord-Noreg til NRK.
I regionen hans har tollarane gjort ni beslag av fisk så langt i år. Alt i alt er det beslaglagt 1.057 kilo fisk.
I 2013 beslagla tollarane i nord vel 5.000 kilo fiskefilet, fordelt på 38 beslag, og i 2014 gjorde dei 28 beslag og drog inn 3.738 kilo fisk.
Om det ikkje blir fleire beslag utover hausten, blir det ein kraftig nedgang i år. (©NPK)

Publisert: 20.10.2015 13:44
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:50