(NPK-NTB):
Stolane var kopiar av «The Chair», som vart teikna av den danske møbeldesignaren Hans J. Wegner i 1949. Dei ville hatt ein verdi på 2,8 millionar kroner dersom dei var originale, skriv på sine nettsider.
Møbelpartiet vart oppdaga i Ålesund i mai i år og skulle brukast av ein restaurant.
Etter at Tollvesenet hadde vore i kontakt med den danske produsenten PP Møbler, som eig rettane til stolen, vart det bestemt at dei 100 stolane skulle destruerast.
– Alle falske merkevarer som vi kjem over vil bli destruerte om rettshavar krev det, seier medierådgjevar Thore Simenstad i Toll- og avgiftsdirektoratet til .
I samsvar til norsk lovgjeving er det berre lov å importere kopiprodukt til Noreg til privat bruk. (©NPK)

Publisert: 12.10.2015 08:12
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:50