Kort fortalt

Torghatten flyg høgt

Nordland fylkeskommune ut av Widerøe.

10.02.2016
(NPK): Nordland fylkeskommune har selt aksjane sine i flyselskapet Widerøe til trafikkselskapet Torghatten.
Fylkeskommunen kjøpte seg inn i Widerøe Holding gjennom Nordland Næringsvekst AS for å sikre at Nord-Noreg var representert på eigarsida i Widerøe, og at hovudkontoret vart verande i Bodø. No har derimot Bodø-konsernet sikra seg eineeigarskapen i selskapet.
– Når begge desse måla har vorte realiserte, er det ikkje lenger noko poeng for oss å sitje med aksjane, seier fylkesrådsleiar Tomas Norvoll (Ap) til nettavisa High North News.
Torghatten kjøpte hausten 2015 den tredje Widerøe-eigaren Fjord1. (©NPK)

Publisert: 10.02.2016 14:10

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:48