(NPK): Forskarar ved Universitetet i Tromsø (UiT) blei overraska då dei fann atlantisk torsk utanfor Nordaust-Grønland.
Det var under ein ekspedisjon med trålar i august i fjor forskarane fann atlantisk torsk i området, fortel på eigen nettstad. UiT viser til at datamodellar publiserte i Nature Climate Change spår at havområdet der tidlegast skulle bli leveleg for torsk rundt år 2040 eller seinare.
– Den nordaust-grønlandske sokkelen er avsides og nesten ikkje studert, og vi gjorde her dei første funna av atlantisk torsk, snabeluer, lodde og djupvassreke, seier professor Jørgen Schou Christiansen.
Christiansen viser til at klimaendringar kan vere årsaka, men det kan òg vere at torskefunna er ein naturleg del av fiskesamfunnet på den nordaust-grønlandske sokkelen som ikkje tidlegare er observert.
– Fordi vi berre har eit augeblinksbilete og ingen tidsseriar frå det aktuelle området er det førebels vanskeleg å forklare funnet. Uansett går vi ut frå at fiskane kjem frå Barentshavet med dei vestvende havstraumane nord i Framstredet, men enno står analysar att for endeleg å kunne fastslå det genetiske opphavet deira, fortel forskaren.
– Undersøkingane våre strekar under kor viktig det er med reelle observasjonar og feltundersøkingar som grunnlag av modellering av framtidige vandringar av fisk, seier han til nettstaden til UiT. (©NPK)

Publisert: 22.01.2016 15:57
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:48