Kort fortalt

Torskelagring-støtte held fram

Regjeringa vil framleis lønne dei som lagrar levande torsk.

28.11.2017
NPK: Fiskarar som lagrar levande torsk i merd kan få ein bonus for kvart tonn dei leverer. Regjeringa har bestemt at bonusordninga vil bli vidareført i 2018.
Regjeringa grunngjev det med at marknaden då får tilgang på fersk torsk utanom hovudsesongen.
– Vi ønskjer å strekke torskesesongen ut over vintermånadane og bidra til meir stabile leveransar av fersk torsk til marknaden. Kvotebonus har bidratt til dette. Bonusordninga er mellombels, men næringa må først og fremst ha føreseielegheit og derfor vidarefører vi bonusen for neste år, seier statssekretær Veronica Pedersen Åsheim i Nærings- og fiskeridepartementet i ei pressemelding.
I november fekk Nærings- og fiskeridepartementet ei evaluering som slår fast at kvotebonus har bidratt til auka fangst av levande torsk. I evalueringa går ein òg gjennom dei andre rammevilkåra for lagring av levande fisk. Evalueringa peikar blant anna på at det kan vere behov for å gjennomgå regelverket for fangstbasert akvakultur, som gjeld for lagring av levande fisk utover 12 veker.

Publisert: 28.11.2017 12:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:40