Kort fortalt

Torsken dreg til Svalbard

Torsken dreg nordover.

20.06.2016
(NPK): Det blir stadig meir av dei atlantiske artane torsk og hyse rundt Svalbard. Det arktiske økosystemet kan dermed endre seg fullstendig.
Medan det for ti år sidan ikkje fanst torsk i desse farvatna, viser det seg at det no har dukka opp torsk på 81 grader nord og langt nord på austsida av Novaja Semlja, skriv nettsida til Universitetet i Tromsø (UiT).
– No kjem det ei ny doktorgrad ved UiT som viser at det arktiske økosystemet endrar struktur når vi får atlantiske artar som torsk og hyse inn som viktige predatorar, seier biologiprofessor ved Universitetet i Tromsø Michaela Aschan.
Eit tråltrekk frå forskingsfartøyet «Helmer Hanssen» tidlegare i år vitna om det same, i tillegg til reker og polartorsk kom det også opp torsk og sild. (©NPK)

Publisert: 20.06.2016 10:37

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:45