Kort fortalt

Tradisjonelle klasserom kan bli borte

Ser på nye moglegheiter i skulen.

NPK
29.09.2023

(NPK): Opplæringslova slår fast at elevar har rett til eit fysisk skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring. Forskingsprosjektet «Morgendagens skoler» skal sjå på kva norske klasserom må bestå av for å få til dette.

Det skriv Gemini.no.

Forskarane i dette prosjektet skal sjå på samanhengar mellom pedagogikk, læring og arkitektur i nye barneskular og ungdomsskular i fire norske kommunar: Tromsø, Trondheim, Nordre Follo og Bergen.

I dag er det mykje større variasjon i undervisningsformer enn då mange av skulebygga rundt om i Noreg vart planlagt og bygd.

Barna skal i dag mellom anna lære problemløysing gjennom prosjektarbeid, entreprenørskap og samarbeid.

Ny kunnskap viser òg at fysisk aktivitet har stor betydning for læring og for fysisk og psykisk helse, og at leiken er spesielt viktig for dei yngste.

– I staden for det meir tradisjonelle klasserommet der elevane sit i «buss», legg ein no vekt på å gi moglegheiter for ulike måtar å jobbe på, ulike arbeidsstillingar og stader, seier forskar Karin Høyland i Sintef.

Dei nye moglegheitene er skapt gjennom mellom anna ulike møblar, større bord, mjukare sitjemøblar og amfi som inviterer til ulike læringsformer.

(©NPK)

Publisert: 29.09.2023 12:24

Sist oppdatert: 29.09.2023 17:40

Mer om