Kort fortalt

«Tragisk høge» dødstall i fiskeriet

155 fiskarar har mista livet på jobb sidan 2000.

08.02.2024

(NPK-NTB): Til saman har 155 fiskarar missa livet på jobb sidan år 2000. Halvparten av fiskarane som døydde på havet var sjarkfiskarar, melder Fiskeribladet.

Nyleg døydde ein fiskar i sekstiåra då han hoppa over bord før sjarken hans grunnstøytte utanfor Stamsund.

– Det er nok eit tragisk døme på dei mest typiske ulykkene, seier tryggingsforskar Ingunn Holmen ved Sintef Ocean til Fiskeribladet.

Holmen forskar på ulykker hos Sintef Ocean og har kartlagt ulykkene som har skjedd frå 2000 til 2022. I alt 149 fiskarar omkom på jobb i perioden. Om ein legg til ulykkene det siste året, kjem ein til 155.

Vel ein firedel av deltakarane frå fiskeflåten svarte i ei spørjeundersøking i fjor at dei i løpet av dei siste året har vore involverte i ein eller fleire situasjonar som kunne ha utvikla seg til ei alvorleg ulykke. Leiar Kåre Heggebø i Norges fiskarlag kallar tala for «tragisk høge».

(©NPK)

Publisert: 08.02.2024 10:08

Sist oppdatert: 08.02.2024 10:08

Mer om