Kort fortalt

Trappeprodusent melde oppbod

Konkurs for Tennfjordbedrift.

09.09.2022

Eiktrapp i Tennfjor er konkurs, etter at selskapet melde oppbod til Møre og Romsdal tingrett, ifølgje Sunnmørsposten.

Bustyrar Christian Garman opplyser tll avisa at det er 16 tilsette i firmaet, og at dei skal samlast neste veke for å sjå på moglegheitene for vidare drift.

Eiktrapp As blei oppretta i fjor, etter ein fisjon hos trappeprodusenten der eigedomsselskap og driftsselskap blei skilt.

Ifølgje bustyraren hadde selskapet ei omsetning på 26 millionar kroner.

Publisert: 09.09.2022 16:43

Sist oppdatert: 09.09.2022 16:46

Mer om