Kort fortalt

Tre av fem skal på julebord i år

Mange skal på to julebord.

24.11.2016
(NPK-NTB): Tre av fem nordmenn seier i ei spørjeundersøking at dei skal på julebord i år.
Éin av tre (33 prosent) seier dei skal på eitt julebord, mens éin av fem (19 prosent) seier dei skal på to til tre julebord. 36 prosent seier dei har ikkje planar om å dra på julebord i år.
Det viser ei undersøking TNS Gallup har gjennomført på oppdrag frå NHO Reiseliv. Delen festløver ligg på same nivå som i fjor.
– Julebord er framleis ein viktig førjulstradisjon for mange nordmenn, men vi får signal om at fleire vel ei meir nøktern julebordsfeiring enn tidlegare, seier Kristin Krohn Devold, administrerande direktør i NHO Reiseliv.
– Mitt inntrykk er at det har blitt meir kos og mindre fyll på julebord, seier Krohn Devold.
Det er framleis vanlegast å ha julebord på ein offentleg serveringsstad. Seks av ti vel å ha julebordet ute på byen. 27 prosent skal ha julebord heime og 18 prosent skal ha julebordet på arbeidsplassen. (©NPK)

Publisert: 24.11.2016 14:56

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43