Kort fortalt

Tre av fire professorar er menn

Kvinnene når ikkje opp.

20.11.2015
(NPK-NTB): Fleire kvinner enn menn tar høgare utdanning, og omtrent like mange kvinner som menn er forskarar i Noreg. Men i toppen, blant professorane, er 74 prosent menn og berre 26 prosent kvinner.
På det nest høgste akademiske nivået, førsteamanuensis, er menn i knapt fleirtal med 56,5 prosent mot 43,5 prosent, skriv
Rektor ved Høgskolen i Oslo og Akershus, Curt Rice, meiner kvinner blir diskriminerte i norsk akademia.
– Ein skulle forventa at opprykk til professor var nokolunde jamt fordelt mellom kvinner og menn, seier Rice. Han meiner kvinner må ha produsert meir for å bli vurdert likt som menn.
Rice er leiar for den regjeringsoppnemnte Komité for kjønnsbalanse og mangfald i forsking og har i tillegg forska på likestilling i ei årrekke.
– Det er vanskeleg å bli professor. Og det skal vere vanskeleg. Men det skal ikkje vere vanskelegare for kvinner enn for menn, seier Curt Rice.
Universitetet i Tromsø har best kvinnedel blant professorane. Her er 31,5 prosent av professorane kvinner. I Oslo er kvinnedelen 29,4 prosent. Universitetet i Nordland har lågast kvinnedel. Her er berre 14,1 prosent av professorane kvinner. (©NPK)

Publisert: 20.11.2015 10:28

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:50