Brødrene Aa JUL 1
STØRST: Hurtigbåtverftet Brødrene Aa i Hyen er største private arbeidsgivar i bygda. No har selskapet frist til 16. mai med å finne ei løysing etter at Norled har kansellerte tre kontrakt på tilsaman 420 millionar kroner.Illustrasjonsfoto: Marius Rosbach
Kort fortalt

Tre Brødrene Aa-fartøy kansellert

Norled vil ikkje ha nokon av de tre fartøya reiarlaget bestilte for to år sidan.

07.05.2025

Kontrakten mellom Norled og hurtigbåtverftet Brødrene Aa vart inngått i 2023 og er på 420 millionar kroner.

Tidlegare i vår kansellerte Norled kontrakten på den første av dei tre båtane. No er også kontraktane på båt to og tre kansellert, skriv Kystens Næringsliv.

Grunngjevinga er den same som for kanselleringa av den første båten, forseinkingar bygginga og fartsproblem.

To av båtane skulle trafikkere ruta Trondheim-Kristiansund, den andre ruter i Trøndelag. 

Alle båtane er bygd for å gå på batteri. Batteria skal kunne skiftast ut undervegs slik båtane skulle heile strekningane dei skulle trafikkere på straum. 

Utsett frist
Då den første kanselleringa vart kjent sende Brødrene Aa ut permitteringsvarsel til alle tilsette.

Ein avtale med Fjord 1 og Rødne, som begge har båtar i bestilling hos Brødrene Aa, sikra hurtigbåtverftet pusterom til 9. mai. Fristen for å finne ei løysing er no forlenga til fredag 16. mai, ifølgje Kystens Næringsliv.

Til sals
Etter permitteringsvarselet vart sendt ut sa styreleiar Gustav Johan Nydal at sal av båten var ei alternativ verftet arbeidde med.

No er også båt to og tre til sals.

Publisert: 07.05.2025 12:41

Sist oppdatert: 07.05.2025 18:37

Mer om