I går sende hurtigbåtverftet Brødrene Aa i Hyen ut permitteringsvarsel til alle tilsette, etter at ferje- og hurtigbåtreiarlaget Norled varsla verfta at reirarlaget vil kansellere kontrakten på bygging av den første av tre hurtigbåtar Brødrene Aa skal bygge for Norled.
Kontakten vart inngått i 2023 og er på 420 millionar kroner.
Ifølgje Norled skuldast kanselleringsvarselet at båten er forseinka og ikkje går fort nok. Den skulle vore levert i fjor.
Ser etter kjøpar
I pressemeldinga Brødrene Aa sende ut i går står det at selskapet "vurderer nødvendige tiltak vidare. Det er eit håp om å finne løysingar som kan gjere det mogleg å unngå at permitteringane vert sett i verk."
I ei tekstmelding til NettNo fortel styreleiar Gustav Johan Nydal at sal av båten Norled vil kansellere er eitt alternativ det blir arbeidd med:
"Vi er mest opptatt med å finne løysingar som gjer at vi kan fortsette arbeidet med dei andre kontraktane og få selt Norledbåten til andre", skriv Nydal.
I tillegg til dei tre Norled-båtane har Brødrene Aa fem fartøy i bygging eller i bestilling med levering innan sommaren 2026.
"Det er særs viktig å finne løysingar som sikrar langsiktig drift og at desse prosjekta vert gjennomførte som planlagt.", heiter det i pressemeldinga Brødrene Aa sende ut i går.
Forseinka
Fartøyet skulle opphavleg vere overlevert og tatt i bruk i fjor, i ei femårig kontrakt med det trønderske kollektivtrafikkselskapet AtB, ifølgje Norled.
Planen var å bruke batteri som kunne skiftast ut, slik at båten kunne trafikkere strekninga Kristiansund-Trondheim på batteri, med batteribytte undervegs. Norled stadfestar at batteribytte-systemet er forseinka, men seier båten kunne gått på diesel og at batterisystemet kunne blitt tatt i bruk etterkvart som det blei ferdig. Også ein til at dei tre andre båtane skal brukast på strekninga Trondheim-Kristiansund medan den tredje skal gå i rute i Trøndelag,
Publisert: 03.04.2025 09:15
Sist oppdatert: 03.04.2025 09:15