Kort fortalt

Trollbryggeriet snart tom for juleøl

Gode terningkast for bryggeriet i Liabygda.

07.12.2023

Trollbryggeriet er i ferd med å tømme lageret for årets juleøl, ifølgje Sunnmørsposten.

Noko av årsaka er truleg at to av juleøltypane fekk terningkast fem av VG sin støre øltest.

– Vi har brygga to typar juleøl for Vinmonopolet: «Slogen Jule Stout» og «Slogen Sunnmørsjul». Vi har sendt frå oss alt vi har laga av dette i år, fortel ølbryggarar Jørund Ringset ved Trollbryggeriet til avisa.

Bortsett frå eit par kassar butikkøl har bryggeriet sendt ut alle dei kring 5500 litrane med juleøl dei har brygga i år.

Publisert: 07.12.2023 09:59

Sist oppdatert: 07.12.2023 09:59