Kort fortalt

Truleg eksportrekord for straum tysdag

Lite vindkraft er ei viktig årsak.

13.02.2023

Kan bli eksportrekord av straum frå Noreg på tysdagID: 181213

(NPK-NTB): Tysdag er det venta at den norske straumeksporten vil liggje på omtrent 153 GWh. Det er ny rekord i eksport av straum på éin dag ut av Noreg.

Høge prisar på straum i alle landa rundt oss, gjer at det er gunstig for produsentane å produsere så mykje straum som mogleg på tysdag, skriv Europower.

Ei viktig årsak til at straumprisane hoppar kraftig, er at det mange stader er venta lite vindkraft tysdag. I Finland skal straumprisen firedoblast frå måndag til tysdag.

Det er derfor gunstig for produsentane i Noreg å produsere så mykje straum som mogleg i den norske vasskrafta, noko som sannsynlegvis vil føre til nesten full eksport på alle kablar ut av landet.

Dei største kablane går til Tyskland og England.

(©NPK)

Publisert: 13.02.2023 16:32

Sist oppdatert: 13.02.2023 16:33

Mer om