Truleg nedgang i makrellbestanden
Men for tidleg å konkludere.
Årets makrelltokt til Havforskingsinstituttet gir ein indikasjon på at makrellbestanden kan vere i nedgang.
Makrelltoktet til Havforskingsinstituttet i juli blir rekna som den viktigaste kartlegginga av makrellbestanden i året og er ein viktig indikator på neste års makrellkvote, skriv Fiskeribladet.
I år hadde fire trålhal under første halvdel av toktet fangst med over 2000 kilo makrell. På tilsvarande tokt i fjor var 12 trålhal med fangst over 2000 kilo innanfor det same området.
Dei fallande toktresultata frå makrelltoktet ser ut til samanfalle med resultatet av makrellfisket i år. Fram til slutten av juli er det fiska 11.000 tonn av ein total norsk kvote på 309.000 tonn.
Fiskeribladet har lagt saka fram for Havforskingsinstituttet. Forskingsleiar Aril Slotte svarer dette på generelt grunnlag:
– Det er for tidleg å seie noko om nedgang i det internasjonale toktet på makrell som går føre seg i Norskehavet før toktet er fullstendig og total berekning av mengd er gjennomført og offentleggjord. Makrellbestanden har hatt ein nedgåande trend i seinare år som ein kombinasjon av redusert rekruttering og overfiske.
Publisert: 28.07.2022 23:02
Sist oppdatert: 28.07.2022 23:03