(NPK-NTB): Amerikanske styresmakter vil krevje høg anløpsavgift på alle skip bygde i Kina som kjem til USA. Det vil norske reiarlag merka godt.
Nesten halvparten av alle skip som norske reiarlag har i bestilling, blir no bygde i Kina, skriv Dagens Næringsliv.
– Vi må vera førebudde på at ordren kan bli signert når som helst, seier administrerande direktør Knut Arild Hareide i Noregs Rederiforbund.
Rederiforbundet opplyser at avgifta vil liggja på mellom 500.000 og 1,5 millionar dollar per anløp for skip med kinesisk tilknyting. I alt 283 skip som seglar under norsk kontroll, er bygde i Kina.
Andreas Enger, sjef i Höegh Autoliners, seier det ikkje finst alternativ til kinesiske verft for skipa selskapet treng:
– Det er ikkje mogleg å byggja dei avanserte skipa våre med nullkarbonmotorar i drift frå 2027 og den leiande effektiviteten i industrien og utsleppsprofil andre stader enn i Kina.
Rederiforbundet åtvarar om at avgifta kan endra verdshandelen stort.
– Dette vil først og fremst ramma amerikanske forbrukarar og industri, stikk i strid med Trumps ambisjonar, seier Hareide.
(©NTB)
Publisert: 17.03.2025 07:38
Sist oppdatert: 17.03.2025 07:42