– Må prøve å «outsmarte» Kina
Meklar åtvarar mot at kinesarane overtek bygging av avanserte offshoreskip - som dei gjorde med psv-marknaden.
Ein titt på utviklinga i bygging av forsyningsskip globalt, kan vere ei skummel peikepinn på kva som kan skje i marknaden for meir avanserte konstruksjonsskip.
Det fortel meklar Arne Rustad i Clarksons Norway.
– Vi ser starten på ein periode med nybygg. Då er det litt illevarslande å sjå at Kina også er i gong med å bygge meir avanserte fartøy, seier han til Nett No.
Nøkkelen for norsk maritime industri meiner han er å tenke smartare i alt frå deling av teknologi, til organisering av byggeoppdraga.
– VI må prøve å «outsmarte» Kina, legg han til.
Kina har overteke psv-marknaden
Etter kring eit tiår med overkapasitet på skip til oljeservice, er marknaden snudd.
Høgare etterspurnad både i den tradisjonelle offshoremarknaden og frå havvindindustrien, gjer at operatørane har «støvsuga» marknaden for aktuelle fartøy.
I en slik situasjon åtvarar Rustad mot å undervurdere konkurransen frå Kina.
– I løpet av nokre tiår vart skipsbygginga i Europa nærast utradert grunna konkurransen frå Kina – som hadde voldsom vekst, seier han.
I løpet av desse åra har Kina bevisst bygd opp skipsindustrien til å bli globalt dominerande.
Tal viser til eksempel at 28 prosent av verdas psv-ar blei bygd i Kina frå 2000 til 2009. I det neste tiåret, frem til 2020, var heile 50 prosent av alle forsyningsskipa bygd i Kina.
Fleire avanserte skip byggast i utlandet
Clarkson-meklaren trur det blir behov for både nye avanserte skip som til eksempel kan ta oppdrag i subseamarknaden – og noko enklare forsyningsskip.
– Norske verft er framleis langt framme når det gjeld avanserte konstruksjonsskip. Men det er nytt at desse no også blir bygd i utlandet, seier Rustad.
Situasjonen for nye ordrar til subseamarknaden gir ein pekepinn.
Inntil for ti dagar sidan, var det totalt på gong tre prosjekt med til saman fem skip. Berre eitt var planlagd bygd i Norge - Rem Offshore som har tinga nybygg på Myklebust Verft i Sande.
– No har heldigvis Island Offshore nettopp landa på å bygge eit stort subseaskip hos Vard. Dette var opplagt ein viktig kontrakt å få til Norge, meiner Rustad.
Reiarlaget frå Ulstein har også opsjonar på to skip til, og omtala avtalen som ei storsatsing for ei komande flåte.
Trur nye aktørar vil utnytte situasjonen
Rustad ser ikkje vekk frå at det igjen vil bygd seriar med enklare psv-ar for å ta unna etterspurnaden. For ti år sidan bygde mellom anna Ulstein Group ein serie psv-ar på spekulasjon på eige verft i Norge.
Det meiner meklaren er lite truleg i dag.
– I staden vil det kome nye aktørar som vil forsøke å utnytte situasjonen, trur han.
Han meiner norske verft vil vere tent med å legge om til å tenke enklare skipsbygging til lågare priser – og ikkje berre bygge dei mest avanserte skipa.
– At prisdifferansen er blitt mindre mellom å bygge i utlandet og i Norge, er positivt. Men vi bør klare å konkurrere på meir enn at vi er ei «trygg hamn» og har gunstig valuta, legg han til.
Auka spenning i verda
Fleire har peika på at eit meir uroleg verdsbilde kan vere ein fordel for norsk industri. Rustad meiner det er all grunn til å vere merksam på kva som kan skje om spenninga mellom Kina og USA blir forsterka.
– Om vi skulle ende opp med å få sanksjonar mot Kina, så vil «alle» ha eit problem slik situasjonen er innan skipsbygging i dag, påpeiker han.
Utfordringane Havila Kystruten enda opp i etter at dei kom på kant med sanksjonsreglane mot Russland, er illustrerande for korleis de kan arte seg. Reiarlaget fekk store problem med å få skipa i drift, og måtte fleire gonger utsette dei første seglasane.
Publisert: 18.05.2024 05:00
Sist oppdatert: 19.05.2024 22:42