Kort fortalt

Trur flaumråka avlingar kan reddast

NIBIO-forskar er optimistisk.

NPK
10.08.2023

(NPK-Heidi Molstad Andresen): Korn toler å stå under rennande vatn. Det store usikkerheitsmomentet no, er kor kaldt flaumvatnet er, fortel NIBIO-forskar.

– Eg trur ikkje avlingane er tapt sjølv om dei no står under vatn. Korn toler vatn godt, særleg når det står under rennande vatn, seier NIBIO-forskar Trond Knapp Haraldsen.

Han har vore oppteken av flaum og flaumskadar i meir enn tretti år og har skrive fleire artiklar om storflaumen Storofsen i juli 1789 og storflaumen Vesleofsen, som ramma Austlandet i juni 1995.

Sjølv om det akkurat no er størst bekymring for liv og helse i samband med flaum og skred, vil dei materielle skadane på hus, infrastruktur og landskap også bli enorme. Midt oppi dette finst det altså godt nytt for mykje av jordbruksarealet som no står under vatn:

– Flaumvatn vaskar ut dei løyselege næringsstoffa i jorda. I 1995 kom flaumen tidleg på sommaren, og mange av avlingane vart difor redda ved å gjødsle opp att jorda med nitrogen då vatnet trekte seg attende. I år har det vore sein våronn, og det er enno litt tid til innhaustinga, så gjødsling vil ikkje ha mykje for seg. Men studiar viser altså at korn toler å stå under vatn ei god stund, så lenge vatnet er i rørsle. Det viktige no er difor å la vatnet trekke seg attende og la jorda tørke godt opp før ein køyrer tunge maskiner på jorda, seier Haraldsen.

NIBIO-forskaren trur at det største usikkerheitsmomentet akkurat no, er kva for temperatur flaumvatnet har. Flaumen i 1995 var eit resultat av mykje snø i fjellet kombinert med store nedbørsmengder som kom inn austfrå. Det gjorde flaumvatnet kaldt:

–Jo kaldare vatnet er, jo meir oppløyst oksygen er det i vatnet – og jo meir oksygen, jo betre. Det betyr at me må ha litt flaks for å kunne berge mykje av korn- og grasavlingane no, men sjølv kjenner eg meg ganske sikker på at dei ikkje er tapt. Poteten toler derimot dårleg å stå under vatn, så den er det nok ikkje råd å redde, seier NIBIO-forskaren.

Etter storflaumen i 1995 vart det sett av midlar til å forske på konsekvensane av storflaumen. Resultata synte mellom anna at ein med målretta tiltak i snitt fekk attende 85 prosent av produktiviteten i flaumskadd jord. Den kunnskapen kan me også dra nytta av i dag, understrekar Haraldsen.

– Førebels veit vi sjølvsagt heller ikkje kor store skadar erosjon og sedimentasjon har påført det samla jordbrukslandskapet. Det er eit stort dokumentasjons- og etterarbeid som det er naturleg å sjå på seinare. Eg håpar difor det også denne gongen blir sett av midlar til å forske på dette.

(©NPK)

Publisert: 10.08.2023 10:26

Sist oppdatert: 10.08.2023 10:28

Mer om